Sjekk ut våre bilder fra 17. mai-feiringen!

Og les Sjømannsprest Hilde sin flotte 17.mai-preken

For en festdag! For en feiring! 17. mai er over for denne gang, men her kan dere gjenoppleve noen av de mange flotte øyeblikkene fra feiringen på Sjømannskirken i Berlin!

Tusen takk til alle som var innom og ikke minst til alle dere som jobbet som frivillige fra morgen til kveld! Vi setter også stor pris på alle sangere og musikere som bidro under dagens kulturprogram!

Vi gleder oss allerede til neste års feiring og koser oss med bildene så lenge.

Preike på 17. mai 2016 i Berlin

Eg elskar 17. mai! Det har eg gjort frå eg var veldig liten, og eg hugsar at det var vanskeleg å sovne dagen før dagen! Ein gong var eg så heldig å bli trekt ut til å bære den fine klassefana som vi hadde laga samen i klassen i toget. 17. mai er noko spesielt! Dagen gjer meg stolt og glad for røter og tilhøyrigheit, og for dei gode verdiane eg har fått vokse opp med i eit fritt og trygt land. Det gjer meg også veldig djupt takknemleg! For det er ikkje sjølvsagt å få vokse opp slik, mange gjer ikkje det! Difor er 17. mai også ein takkedag for alt vi har fått og ein dag for å minne oss om å ta vare på dei gode verdiane, kjempe for dei og dele raust med kvarandre!

Teksten som er gitt oss på 17. mai handlar om medmenneskelegheit og tru. Vi skal høyre om 10 alvorleg og uhelbredeleg sjuke som kom til Jesus og bad om hans hjelp. Sjukdommen dei hadde var spedalskheit, ein sjukdom som er utrydda i denne delen av verda og som vi har fått medisinar mot også, men slik var det ikkje den gongen.  Sjukdommen var også smittsam, noko som gjorde at dei måtte leve aleine utanfor fellesskapet og borte frå familie og vener.

Det står skrevet i evangeliet etter Lukas i det 17. kapittel,

11 På reisen til Jerusalem dro Jesus gjennom grenselandet mellom Samaria og Galilea. 12 Da han var på vei inn i en landsby, kom ti spedalske menn imot ham. De ble stående langt unna 13 og ropte: «Jesus, mester, ha barmhjertighet med oss!» 14 Han så dem og sa: «Gå og vis dere for prestene!» Og mens de var på vei dit, ble de rene. 15 Men én av dem kom tilbake da han merket at han var blitt frisk. Han lovpriste Gud med høy røst, 16 kastet seg ned for Jesu føtter med ansiktet mot jorden og takket ham. Denne mannen var en samaritan. 17 Jesus sa: «Ble ikke alle ti rene? Hvor er da de ni? 18 Var det ingen andre enn denne fremmede som vendte tilbake for å gi Gud æren?» 19 Og han sa til ham: «Reis deg og gå! Din tro har frelst deg.»

Slik lyder det hellige evangelium!

Jesus gav ti alvorleg sjuke ein ny start i livet og mogelegheita til å vere del av eit fellesskap igjen. Det å få vere del av eit fellesskap er viktig for oss menneske. Det å kunne kjenne at ein høyrer til ein stad og saman med andre. Frå vi er bitte små søker vi eit blikk, eit ansikt, ei kjent stemme som kan gjere at vi føler oss trygge og ivaretatt, og gjennom andre menneske lærer vi om livet. Vi lærer å dele og vi søker å knytte band til menneske rundt oss. Vi gjer det fordi det gjer oss godt og gir oss glede. Det er godt å høyre til, det gir oss ein basis i livet og det gir oss røter slik at vi kan vokse og strekke oss. Fellesskap og samfunn som legg til rette for dette er verdt å kjempe for, og er ei gåve vi kan gje til kvarandre og nye generasjonar. I dag er Norge eit land der det har vore fred i over 70 år, og eit land som har blitt rikt i hovudsak på grunn av naturressursar.

Det er ikkje så mange generasjonar sidan Norge var eit fattig land som ikkje kunne brødføde sin befolkning og mange søkte til Amerika for å finne levebrød og ein ny start. Nokon sa at vi søkte lukka der, og nokon sa at svolten dreiv oss. For mange blei det starten på eit nytt liv om enn strevsamt og med alle der heime i tankane. Då seg studerte i USA fortalte ein av professorane mine som hadde ei norsk bestemor at han hadde spurt henne korleis ho kunne forlate dette heilt unikt vakre landet i der nord. Ho hadde svart han kjapt og tørt: You can`t eat fjords. Du kan ikkje ete fjordar. Dette landet som vi no kjenner har nok mat til folket sitt og har eit utvikla velferdssamfunn.

Norske mann i hus og hytte, takk din store Gud, slik skreiv Bjørnstjerne Bjørnson i vår nasjonalsang «Ja, vi elsker». For det er av og til så lett å gløyme å takke for alt vi har fått og ikkje berre ta det for gitt, eller at det er fullt og heilt vårt eige verk.

Av dei ti som blei friske og fekk livet i gåve igjen, var det berre ein som kom tilbake og takka Gud for nytt liv og ny start. Våre nasjonalskattar og salmar er fulle av nettopp takknemlegheit til vår Gud for alt vi har fått, visdom om livet og jorda vi bur på.

Anders Hovden skreiv i 1907 etter ein skitur i kaldt vintervær: Fagert er landet du oss gav, Herre, vår Gud og vår Fader! Fagert det stig av blåe hav, soli ho sprett og ho glader, signa vårt land i nord og sud; såleis de åsyn lyser, Gud, over vårt Noreg i nåde. Og siste verset er ei  bøn: Signa då, Gud, vårt folk og land, signa vårt strev og vår møde, signa kvar ærleg arbeidshand, signa vår åker med grøde! Gud, utan deg den vesle urt veiknar og visnar, bleiknar bort, ver du oss ljoset og livet! 

Melodien til denne salmen er skrevet av den tyske komponisten Melchior Vulpius i 1609. Slik blir vi også minna på at våre kjære salmar og nasjonalskattar også famnar vidare enn vårt vesle land der nord. Dei vakre orda frå Anders Hovden fekk melodiske venger frå ei nabo lenger sør, frå Tyskland her vi no er og feirar vår nasjonaldag midt i Berlin, midt i Europa og midt verdens kvardag. Vi som bur her i Berlin og Tyskland i dag er takknemlege for gode relasjonar og band mellom våre to land. For at vi i glede og takknemlegheit kan feire vår nasjonaldag på tysk jord med største sjølvsagtheit og vandre gatelangs med norske flagg. For vi har også fått ein ny start saman i Europa og vi kan vere takknemleg for eit Tyskland som tek eit stort humanitert ansvar i verda og spelar ein viktig rolle for å fremme gode verdiar og skape trygghet og fred i verda. I dag er Tyskland ein av Norges viktigaste partnarar og samarbeidsland.

Eit veldig godt eksempel på at når vi kjempar saman for gode verdiar så kan det skapast noko nytt og gamle sår kan gro.

Vi har mykje å vere takksame for vi som er her! Dikta og sangane vi syng i dag, minner oss om det! La derfor 17. mai vere ein dag der vi kan kjenne på glad takksemd for alt vi har fått.

Gud, utan deg den vesle urt veiknar og visnar, bleiknar bort, ver du oss ljoset og livet!  Ingen av oss har valt å bli født her, det var ei gåve vi fekk. Dei som har blitt født under langt fattigare og meir utrygge kår enn oss valte heller ikkje det. Derfor utfordras vi alltid til å dele av dei gåver vi har fått med kvarandre i takknemlegheit og audmjukheit og visshet om at alt vi har og alt vi har fått. Vi er ikkje berre borgarar i eit land, vi er også alltid borgarar i ei felles verd på ei delt jord, der alt he vrng saman med alt. Ei verd som treng menneske som bryr seg om kvarandre, som deler trygghet med kvarandre og tilbyr fellesskap som kan gi basis og røter og muligheit til vekst og utvikling, for då kan vi saman med vår Gud skape noko nytt og bane veg for lys og liv.

Er dette ein naiv draum? Saganatta senker drømmer på vår jord, og vi har ein Gud som til tross for all vondskap og tilkortkomenheit i oss og mellom oss aldri gir oss opp. Vår Gud kjempa og kjempar vidare for deg og meg i kjærleik kvar einaste dag og han kallar oss til kjærleikens teneste. La oss stå saman i kjærleik og takksemd og be:

Ver vårt ljos og vårt liv, vårt lys og vårt liv Gud på vår veg i verda!

Gratulerer med dagen og god og takksam feiring til oss alle!

Del