Vellykket jubileum

DET VAKRASTE - Sjømannskyrkja på Lanzarote 25 år

Kva er det vakraste i denne kyrkja? Det spørsmålet stod i sentrum då Sjømannskyrkja på Lanzarote feira 25 år-jubileum 29. okt.-2. nov. Feiringa starta med jubileumstur på onsdag, ein flott båttur i vakkert øylandskap nord om Lanzarote. Så steig alle dei 135 deltakarane i land på La Graciosa og gjekk inn i kyrkja på øya. Og Nils Kristian Lie, som tidlegare har vore sjømannsprest på Lanzarote i seks år, hadde ein tankevekkande meditasjon med utgangspunkt i det maritimt prega kyrkjeinteriøret; båten bak alteret med Maria og barnet, masta med Jesus på krossen, nøtene over og alteret bore oppe av eit anker. Men det mange hugsar best, var spørsmålet: Kva er det vakraste i denne kyrkja? Og svaret Nils Kristian Lie var: Det er de, menneska som er her, menneske med vakre og strålande ansikt. Det er de som er samla i Guds hus, vendt mot alteret, mot aust, orienten, mot orienteringspunktet Jesu Kristi oppstode. - Spørsmålet vart gjenteke i den avsluttande festgudstenesta i Sjømannskyrkja på Helgemesse eller Allehelgensdag. Og svaret var det same: Det som er det vakraste i denne kyrkja er de, som alle er skapte av Gud med ein uendeleg verdi.

25 år-jubileet til Sjømannskyrkja på Lanzarote var allsidig, med mange ulike arrangement. På torsdag var det først temadag, med eit historisk tilbakeblikk der Berit og Kristen Ringvold fortalde frå pionertiden og Ragnhild og Nils Kristian Lie gav glimt fra sine seks år på «gamlekykja». Sjømannsprest og dagleg leiar Knut Kaldestad tok utgangspunkt i to spørsmål: «Kvar står vi? Kvar går vi?». På ettermiddagen var det overlevering av norsk litteratur, omsett til spansk, til Tias kommune på Lanzarote. Så kom festkvelden, med variert program og kakebord. Sjølvaste Johan Storjohan kom på besøk etter den innleiande fanfara.  Utenlandssjef  i Sjømannskirken, Asbjørn Vilkensen, hadde festtale med tema «frå Sjømannsmisjon til turistkirke». Ministerråd Lara Andersen frå  ambassaden i Madrid helsa, det gjorde også Ruth Jusnes frå Nordisk foreining og Peder Nedrelid og Jan Brastein frå «Kanariøyane prosti».

Fredag var det ei markering med fokus på frivillighet. Vertskap Anne L. Kaldestad snakka om å være «fri og villig». Ho avslutta slik: «Frivillighet er sunt, året rundt!» Gull Hjertenes fortalde om aktivietsgruppas historie – og mange andre delte «sitt bånd» til Sjømannskyrkja. Laurdag heitte laurdagsgrøten naturlegvis «jubileumsgraut» - og Asbjørn Vilkensen hadde ord for dagen før servering av grauten. På den avsluttande festgudstenesta på  Allehelgensdag song koret Alegria -  spansk for Glede. Vi fekk gjengitt ei frisk replikkveksling frå sykebesøk. Presten kom inn på rommet, sa at kom frå Sjømannskirken. - Ho i senga utbraut: «Du kommer som sendt frå himmelen!» Og presten repliserte: «Vi er en liten underavdeling»

Del