Foto: Unsplash/Pille R. Priske

Juleverksted for studenter og unge voksne i samarbeid med ANSA

Norsk student stuck i Berlin i adventstida? Vil du koma i julestemning? Kanskje saknar du Noreg litt ekstra i denne tida? Velkomen til ein trivelig kveld der du ikkje er åleine i all julestyret, og kanskje blir du kjent med nokre nye vener i Berlin? Ta med deg deg sjølv eller kollektivet og bli med på juleverksted i samarbeid med ANSA Berlin!

Me lagar julepynt, bakar pepperkaker, høyrer på julemusikk, drikk gløgg og avsluttar kvelden med å sjå ein av dei tradisjonelle filmane mange av oss ynskjer å sjå i jula. Her blir det avstemming på kva film me ser, så gjer deg opp ei meining og stem på DIN favoritt!
I samarbeid med ANSA Berlin.
Frivillig donasjon/pris for materiale, gløgg, bakevarer og div.: 7 Euro
Me tek kort, cash og vipps!
Sende ei påmelding til Ingrid Steinkopf på mail: ist@sjomannskirken.no eller klikk "skal" på eventet på vår Facebook-side.
Velkommen skal du vere!
Personvernerklæring Sjømannskirken bruker kun nødvendige informasjonskapsler for å gjøre opplevelsen på siden så god som mulig. Mer info