Konsert: Kjersti Wiik

Søndag 1. oktober kl. 13

Kjersti Møllerup Wiik kjem frå og er busett i Alver kommune nord for Bergen. Ho er utdanna musikklærar frå Bergen lærarhøgskule, og har teke hovudfagseksamen i klassisk song ved Griegakademiet i Bergen. Den kunstneriske verksemda er stor og variert og femnar om konsertar både i inn- og utland. (Har gitt konsertar m.a.i sjømannskyrkjene i Houston og Gran Canaria) Kort kan nemnast at Kjersti har vore solist i mange oratorium, har gjeve mange liedkonsertar på m.a. Troldhaugen, Grieghallen og i Håkonshallen, vore solist med mange brass-og janitsjarband og jobba scenisk bl.a. ved Den Nationale Scene og Losjen i Bergen. Ho har også gjennom ei årrekke vore volve i ulike utandørsoppsetjingar om Håkon den Godes liv. Kjersti har gjeve ut 4 solo-cdar samt medvirka på 7 andre produksjonar. 3 solo-cdar med lokal folkesong frå kysttraktene i Hordland og ein vise-CD med songar til tekstar av Aslaug Låstad Lygre. Arbeidet med å samla lokal folkesong blei starta opp i 1995 og varte til 1998. Meir enn 80 kjelder vart intervjua og meir enn 700 songar vart samla inn. NRK laga programmet «Jakta på Striletonen» som er basert innsamlings- og vidareformidlingsarbeidet hennar.

Ho har turnert mykje med skuleforestillingar og kveldskonsertar og presentert lokal songtradisjon saman med svært gode musikarar som t.d.organist Iver Kleive, fløytist Laila Kolve og felespelar Einar Mjølsnes. Lokal folkesong har ho også presentert både på Festspela i Bergen og saman med Bergen Filharmoniske orkester. I 2020 var ho med og laga ei digital folkesongbok og dei 2 siste åra har ho saman med sin makker administrert opplæringsprogram der 3000 born har fått lære lokale barnesongar. Ho har også vore med og utarbeidd 2 andre songbøker med folketonar frå Hordaland. For dette arbeidet har ho motteke m.a. Lindås kommune sin kulturpris, Nordhordlandsprisen, Målprisen 2009, kulturstipend frå Vestland fylkeskommune, tilskot frå Ole Bulls fond, fått Rotary International sin høgaste ærespris Paul Harris Fellow for å nemne noko. Til dagleg arbeider Kjersti som frilanssongar innan ulike genrar,- dirigerer 2 kor, har private songelevar og held no på med revidering og utviding av den digitale songboka, link her.

Link til hjemmeside

Personvernerklæring Sjømannskirken bruker kun nødvendige informasjonskapsler for å gjøre opplevelsen på siden så god som mulig. Mer info