Eldsjela Selma

– Det er knapt noko eg har hatt så mykje glede av som det å få lov til å gje, seier Selma Kvame. I 82 år har ho dreve foreiningsarbeid for Sjømannskyrkja i Oldedalen.

25. apr 2019 kl 15.22

– Det er knapt noko eg har hatt så mykje glede av som det å få lov til å gje, seier Selma Kvame. I 82 år har ho dreve foreiningsarbeid for Sjømannskyrkja i Oldedalen.

Tekst: Arne O. Øystese Foto: Andreas Eikeseth Nygjerd
Teksten har stått på trykk i HJEM nr. 2 2019.

Langt inne i Oldedalen i Nordfjord møter vi henne: Ei vital og høgst oppegåande kvinne. Liten av vekst, men ho ruvar stort når vi høyrer henne engasjert fortelja om arbeidet for Sjømannskyrkja lokalt.

– Sjømannskyrkja er ei kyrkje reist i verda sin kvardag. Eit lite stykke Norge der ute. Ein heim for alle norske som bur eller reiser i utlandet. Eg har lese i Sjømannskyrkja sitt blad om sjømannspresten som vitjar nordmenn som skal sone straff i nederlandske fengsel, om Tjostolv Moland og Joshua French som sat fengsla i Kongo, og fekk vitjing av sjømannspresten. Og tenk kva tydning Sjømannskyrkja hadde for dei som opplevde tsunamien i Søraust-Asia!

Slik ordlegg ho seg, Selma Kvame (94). Eit godhjarta menneske som har vore aktivt med i organisasjonen sitt arbeid lokalt lengre enn dei fleste, men som aldri har vore i ei sjømannskyrkje i utlandet.

I bedehuskapellet Ljosheim har folket i bygda vore på sjømannskyrkjebasar heilt sidan den gongen sopelime og riveskaft var på gevinstlista.

I bedehuskapellet Ljosheim har folket i bygda vore på sjømannskyrkjebasar heilt sidan den gongen sopelime og riveskaft var på gevinstlista.

VIL IKKJE LEGGJA NED. Våren var komen til bygda Oldedalen i 1937. Denne sundagskvelden var det møte i bedehuskapellet «Ljosheim». Sjømannsprest Edvin Nicolas «Ravnan» Ravn var på vitjing. Han hadde sett seg eit mål for kvelden: Å skipa ei foreining for Sjømannsmisjonen i Oldedalen. Men ingen kjende seg kalla til det.

Gjennom presten sin medhjelpar, Ola Utåne, kom «Ravnan» i kontakt med to damer: Jenny Kvamme og Brite Myklebust.

– Desse to damene, Brite og mor mi, Jenny, fekk oppdraget å starta arbeid for våre sjøfolk. Sjølv var eg tolv år den gongen. Det la seg slik til rette at eg vart med kvinnene på foreiningsmøta og på basarane, som vart skipa til årleg. Det var slett ikkje enkelt å koma i gang med basar, første året. Det var i dei pengelause trettiåra; gevinstane var ikkje store. Men her var eldsjeler i dalen! Lodda på bokgevinstane kosta ti øre.

Åresalget var ikkje oppfunne då, men auksjon kjende alle til. Med ein dyktig auksjonarius, Sivert Yri, vart økseskaft, riveskaft, grevskaft og sopelimar i tillegg til treauser og tvorer – pluss vottar, spøtgarn, kjøt, poteter og egg, auksjonert bort. Det var det folk hadde.

– Eg brukar å seier det slik at det var ei blank stjerne som lyste på himelkvelven her i Oldedalen då vår foreining var skipa, fortel Selma Kvame.

– Eg brukar å seier det slik at det var ei blank stjerne som lyste på himelkvelven her i Oldedalen då vår foreining var skipa, fortel Selma Kvame.

Så skulle det bli knopp-skyting. Ei jenteforeining fekk sjå dagens ljos. Denne foreininga, som arbeidde tett saman med den andre sjømannsmisjonsforeininga, vart skipa i slutten av 1940-åra. Dei var ofte 20 på møta våre. Mange av desse unge damene reiste ut av Oldedalen, men husmødre i bygda kom til og vart med.

– Kva er status for arbeidet lokalt no?

– Vi er åtte–ni i vår foreining. Her er plass til fleire, så kom gjerne og ver med oss, de som bur i Oldedalen. Det var to andre misjonsforeiningar i bygda vår, dei har no lagt ned arbeidet sitt. Vi i vår foreining vil ikkje leggja ned. Dette handlar om å bry seg, fortel Kvame.

– Det høyrest utruleg ut at du utan avbrot har vore aktivt med i ei foreiningsarbeidet for Sjømannskyrkja i 82 år?

– Vi er ein flott samansveisa flokk, me damene. Dersom nokon har tilreisande på vitjing, er også dei velkomne på foreiningsmøta. Med jamne mellomrom har vi foreiningsmøte i heimane, haust og vår. Vi har andakt kvar gong, matøkt, sosial drøs og informasjon frå Sjømannskyrkja.

5. april har vi basar, då stiller heile Oldedalen opp. For ein oppslutning basaren vår har. Omlag 60 av dei 90 som no bur i den vesle bygda kjem på basaren!

Me legg lappar i alle postkassar, og får gevinstar frå bygda vår: Handarbeid frå både menn og kvinner. Sjølve basaren er i bedehuskapellet «Ljosheim».

Selma Kvame sitt engasjement har mellom anna gitt henne Kulturpris og Kongens fortjenstmedalje i sølv.

Selma Kvame sitt engasjement har mellom anna gitt henne Kulturpris og Kongens fortjenstmedalje i sølv.

– Kva er det som held elden og dampen oppe hjå deg og dine medarbeidarar i foreininga?

– Fyrst og fremst dette at Jesus kunne bruka alle slags menneske i si teneste. Eg brukar å seia det slik at det var ei blank stjerne som lyste på himmelkvelven her i Oldedalen då vår foreining vart skipa. Eg vart minna om Jesu ord: «Gå ut i vingarden, du og!» Gud rekrutterer arbeidarar på ein heilt annan måte enn vi menneske. Paulus seier: Det var ikkje dei vise og høgætta han valde. Men dei minste i samfunnet, det som var dårleg og låkt. Jesus valde sjølv sine arbeidarar frå vanlege arbeidsfolk. Med det vart arbeidsoppgåva gjeven til meg og mine medarbeidarar for mange år tilbake. Oppdraget vårt er ikkje fullført! Herren går framleis framfor oss og syner oss vegen.

GLEDA AV Å GJE. – For det andre må eg nemna Sjømannskyrkja sitt blad HJEM, tidligare Bud og Hilsen. Gjennom alle år har eg lese bladet frå perm til perm, og fått informasjon om arbeidet ute både i krigstid og fred.

Oldedalen er eit bygdesamfunn innst i Nordfjord.

Oldedalen er eit bygdesamfunn innst i Nordfjord.

Det gjorde til dømes eit sterkt inntrykk å lesa om Odd Knævelsrud, som i siste halvdel av andre verdskrigen hadde vore prest for den norske brigaden i Skottland. Han fekk spørsmål om å reisa til Hamburg, som låg i ruinar. Trongen for ein sjømannsprest i Hamburg var overveldande. Det var imidlertid berre norske sjøfolk han skulle hjelpa, ikkje dei tyske eller dei som sympatiserte med nazistane. Det tok ikkje lange tida før Knævelsrud fann ut at det ikkje gjekk an å gjera skilnad på menneske.

Han hjalp alle dei som trong det! Folk mangla mat, klede, sko, ja alt. Den innsatsen Knævelsrud – og andre etter han i Sjømannskyrkja – har gjort, har vore ei veldig drivkraft til å stå på for oss her heime.

– Kva trur du om åra som ligg framføre oss?
– Så lenge eg har helse og arbeidskrefter, vil eg og mine her i Oldedalen stå på for Sjømannskyrkja. Det er knapt noko eg har hatt så mykje glede av som det å få lov til å gje. Ingen blir fattige av å gje. Det ligg mykje velsigning frå Herren i det å vera med i den store samanhengen som Guds rike gjennom Sjømannskyrkja sitt verdvide arbeidet inviterer til, smiler Selma Kvame.

– Så lenge eg har helse og arbeidskrefter, vil eg og mine her i Oldedalen stå på for Sjømannskyrkja, seier Selma Kvame.

– Så lenge eg har helse og arbeidskrefter, vil eg og mine her i Oldedalen stå på for Sjømannskyrkja, seier Selma Kvame.

Vil du lære meir om Sjømannskyrkja sitt arbeid i Noreg? Les her.

Støtt Sjømannskirkens arbeid du også, slik at vi kan være til stede for nordmenn i utlandet som trenger omsorg og trygghet!

Støtt arbeidet vårt

kr
Les mer om skattefradrag i Norge her
Personvernerklæring Sjømannskirken bruker kun nødvendige informasjonskapsler for å gjøre opplevelsen på siden så god som mulig. Mer info